Quiz: Definisjonar av politiske omgrep

  1. Den institusjonen i samfunnet som har legitimt monopol på bruk av vald eller tvangsmakt innan eit territorium.

  2. Ei styreform som byggjer på tankane om at folket skal styra seg sjølv, og at alle medlemmene av fellesskapen skal ha den same retten til å delta i samfunnsstyringa.

  3. Ei politisk omvelting der ein person eller gruppe tek den politiske makta ved hjelp av middel som ikkje er tilletne innanfor det politiske systemet.

  4. Metodar for å påverka og kontrollera haldningane til andre menneske gjennom bruk av ord og symbol.

  5. Den øvste representanten til staten i kvart fylke.

  6. Ein stat som er sett saman av nokså sjølvstendige politiske einingar (til dømes delstatar), og der fordelinga av makt mellom sentralstaten og desse einingane er fastsett i Grunnlova.

  7. Eit politisk system utan konkurranse om den politiske makta der staten freistar å dominera alle sider av samfunnslivet. Systemet er prega av kontroll og ideologisk einsretting.

  8. Ei ordning, eller prosess, der dei som blir berørt av ei sak, til dømes ei lovendring, får høve til uttala seg før saka skal handsamast, og før endeleg vedtak i til dømes Stortinget.

  9. Fåmannsvelde

  10. Ein variant av sosialismen som gjekk inn for å byggja det klasselause samfunnet ved hjelp av gradvise reformer innan dei demokratiske politiske kanalane.