Sex, dop og rocken roll
I diktet ”De voksnes fest!” (1951) skriv André Bjerke om det vetle barnet som ligg i senga si og høyrer på lydane frå festane nede i stova. Barnet lagar seg dei mest fantastiske førestellingar om den forbodne arenaen. Mot slutten av diktet er barnet vorte vakse, og det har sjølv teke plass i stova. I ljoset frå blafrande stearinljos er mystikken borte. Det fantastiske fanst berre i fantasiane på barnerommet:
Ungdomstida kan karakteriserast som overgangen frå uskuld til skuld, frå fridom til ansvar. Konfirmasjonen, anten den er religiøs eller borgarleg, markerer at barnet er på full fart over i ein ny status. Samstundes blir den unge gradvis tildelt fleire rettar og plikter frå samfunnet; straffeansvar, røysterett, førarkort osb.
Overgangen inneber også at den unge byrjar med aktivitetar som høyrer vaksenverda til. I dette arbeidsopplegget skal du undersøkja korleis omfanget av aktivitetar som røyking, rusmiddelbruk og sex, er blant unge rundt om i Europa.
Arbeidsopplegget er utvikla for å kunna kasta ljos over mellom anna fylgjande kompetansemål i læreplanane (sjå tenesta grep hjå Utdanningsdirektoratet):
Læreplan i samfunnsfag:
- analysera utviklinga av rusmiddelbruk og røyking i Noreg og reflektera over haldningar til rusmiddel
- drøfta tilhøvet mellom kjærleik og seksualitet i ljos av kulturelle normer