Politisk avstand mellom partia i Noreg

I politiske ordskifte kan det ofte høyrast ut som om den politiske avstanden er enorm, medan det i skriftlege dokument kan vera vanskeleg å finna att skilnadene. Du skal i dette arbeidsopplegget leita i partiprogramma med sikte på å finna politiske skilnader. I tillegg skal du analysera kommitemerknadene frå stortingskomiteeane, og finna ut i kva grad partia er usamde om utforminga av praktisk politikk.

Dei politiske ordskifta i Noreg kan vera nokså forvirrande. På den eine sida er debattantane ivrige i å markera at dei er usamde med kvarandre, men samstundes kan det vera vanskeleg å oppfatta kva dei grunnleggjande skilnadene verkeleg er. Alle forvissar oss om at dei ynskjer å gjera Noreg til eit godt land å leva i.

Det er mellom anna to høve ved norsk partipolitikk som gjer at det kan vera vanskeleg å få auga på skilnadene mellom partia. Mest viktig er det at alle dei store partia støttar hovudlinene i den dominerande politiske og økonomiske tenkinga: Demokrati og blandingsøkonomi. Demokrati vil seia ei politisk styreform der vedtak blir fatta basert på kva fleirtalet i folket meiner. Samstundes er det også viktig at eit demokratisk system vernar mindretalet. Det er til dømes lov å arbeida for å fremja andre syn enn det fleirtalet har. Blandingsøkonomi er ei nemning nytta om det økonomiske systemet. Det tyder at styresmaktene legg føringar, mellom anna gjennom lover og skattlegging, for korleis næringslivet skal fungera. Berre småparti, til dømes Raud Valallianse (namnet er no Raudt, men endringa vart ikkje gjort tidsnok til å bli innført i samband med valet i 2007), er grunnleggjande kritiske til dagens system, dei andre partia er stort sett opptekne av å justera og betra ulike sider ved det politiske og økonomiske systemet.

I tillegg er valkampane prega av at alle partia freistar å samla oppslutnad blant dei som seint avgjer kva dei vil røysta. Tidlegare var veljargruppene meir stabile og einsarta, folk bytte ikkje parti frå val til val. Såleis kunne til dømes Arbeidarpartiet utforma ein politikk for arbeidarane, Bondepartiet kunne konsentrera seg om bøndene og Kristeleg Folkeparti om dei kristne.

I tillegg til å samla oppslutnad blant kjerneveljarane, må dagens parti hengja opp flugepapir for å klistra til seg veljarar som surrar mellom partia. Flugepapira er mellom anna populistiske utspel, det vil seia utspel partia kjem med for å gjera seg populære. Ein populist vil seia ”Set ned bensinprisane no – folk lir”, han vil aldri finna på å seia at ”Vårt parti ynskjer å setja i gang ein prosess med sikte på å vurdera om det finst rom for å redusera dagens avgiftsbelasting for den einskilde gjennom gradvise, ikkje hyppige, steg og tiltak”.

Oppgåver

Me vil tilrå at desse oppgåvene blir løyst i grupper.

  1. Greier de å kopla desse orda til eitt eller fleire av partia: liberalisme, kapitalisme, konservatisme, sosialisme, kristendom, primærnæring?
  2. Undersøk ein eller fleire av dei koplingane de gjorde i oppgåve 1 ved å søkja eller bla i partiprogramma.
  3. Sjå om de greier å finna populistiske utspel ved å søkja i partidokumenta. Eit populistisk utspel er ofte kjenneteikna ved at bodskapen er enkel, og at folk flest har lett for å seia seg samde (”Reduser bensinprisane”). I tillegg vil populistiske utspel gjerne bli formulert i samband med aktuelle saker som rører kvardagen til mange menneske (Etter snøskredet: ”Meir pengar til rassikring”).
Gå til neste side >>