Politisk interesse

For at eit demokratisk system skal fungera, er det viktig at borgarane tek del og engasjerer seg i politiske spørsmål. I dette arbeidsopplegget skal me sjå nærare på ein av dei faktorane som kan vera med på å stimulera til politisk aktivitet, nemleg interesse for politikk. I tillegg skal me undersøkja korleis politisk interesse heng saman med andre variablar, mellom anna politisk aktivitet og medievanar.

Fundamentet for politisk interesse og engasjement er tanken om at menneska kan påverka samfunnet me lever i. Denne tanken er ikkje like utbreidd i alle delane av folket, og forsking syner at det politiske engasjementet mellom anna heng saman med faktorar som kjønn, alder, utdanning, sosial status og kva type område ein bur i.

Den politiske interessa blant ungdom er ikkje så sterk som enkelte kunne tenkt seg. Ved skulevalsundersøkinga i 2005, svarte om lag tjuesju prosent av elevane at dei var svært eller nokså interessert i politikk, jf tabell 1.

Tabell 1: Politisk interesse blant elevar i vidaregåande skule
  Prosent
Mykje interessert 7,1 %
Nokså interessert 19,9 %
Litt interessert 52,3 %
Heilt uinteressert 20,6 %

Kjelde: Skulevalsundersøkinga 2005

Det kan vera fleire grunnar til at så mange er lite interesserte eller heilt uinteresserte. Kanskje er det slik at dagens ungdom har så mykje å tenkja på at politiske spørsmål kjem heilt i bakgrunnen, eller er det slik at dagens unge har det så godt at dei ikkje ser kva ein bør kjempa for å endra? Kvifor trur du at den politiske interessa blant ungdom er relativt låg?

Oppgåver

  1. Finn ut korleis den politiske interessa har utvikla seg blant ungdom dei siste åra. Bruk minst fire av skulevalsundersøkingane. Legg saman og noter deg delen som svarar svært og nokså interessert.

No skal du nytta ei av dei siste skulevalsundersøkingane.

  1. Finn ut om den politiske interessa er likt fordelt mellom gutar og jenter. Lag ein krysstabell med "kjønn" som kolonnevariabel og "politisk interesse" som rekkjevariabel.
  2. Korleis trur du sambandet er mellom politisk interesse og politisk aktivitet? Døme på politisk aktivitet kan vera aktivitetar som å nytta røysteretten, å vera med i ulike organisasjonar, eller å delta i aksjonar. Undersøk sambanda ved å laga tabellar.
Løysing
  1. Opn ei av skulevalundersøkingane. Klikk på ikonet framom undersøkinga i venstre marg, klikk på plussteiknet framom "variabelbeskrivelse", klikk på plussteiknet framom "variabler", klikk på variabelen "politisk interesse" og noter deg dei gyldige frekvensane. Gjer tilsvarande for dei andre undersøkingane.
  2. Opn variabellista til ei undersøking. Klikk på fana "tabulering" over det høgre vindauga. Klikk på variabelen "politisk interesse" i vindauga til venstre, og vel "legg til rekkje", trykk deretter på variabelen "kjønn", og vel "legg til kolonne.
Gå til neste side >>