Monarkiet i Noreg
I samband med oppløysinga av den norsk-svenske unionen i 1905, vart ein dansk prins spurt om han kunne tenkja seg å bli konge i Noreg. Konge har i visse krinsar ein langt betre klang enn prins, så dansken takka ja, men berre dersom det norske folket ville ynskja han velkomen. I ei folkerøysting hausten 1905 røysta 78,9 % ja til monarkiet. Så langt inneheld den norske kongerekkja overkommelege tre namn: Haakon VII (1905-1957), Olav V (1957-1991) og Harald V (1991-).

Figur 1 viser at i Oslofjordområdet, det sørlege Hedmark, Oppland og Buskerud var oppslutninga om monarkiet i gjennomsnitt godt over 80 prosent. Sterkast motstand mot monarkiet var det i deler av Telemark, Agder-fylka, det sørlege Vestlandet, Nord-Østerdalen, Trøndelag og Troms.
Den norske regjeringsforma er bestemt i § 1 i Grunnlova. Der står det at riket skal vera eit innskrenka og arveleg monarki. Formelt sett tyder det at den utøvande makta, altså regjeringa, er underlagt kongen, eller ein ansvarleg representant frå kongeætta, og at kongemakta avgrensar seg til det som er bestemt i Grunnlova. I praksis handlar derimot det norske monarkiet meir om form enn innhald: Det er regjeringa som avgjer kva snorer kongefamilien skal kutta. Kongedømet i Noreg er også arveleg. Det tyder at Kongen i utgangspunktet ikkje treng å ha andre kvalifikasjonar eller eigenskapar enn det å vera fødd under rette omstende, nøye spesifisert i § 6 i Grunnlova. Den norske kongen har også ein annan status enn vanlege menneske. I § 5 i Grunnlova står det skrive at kongen er ein heilag person som står over lova. Han kan ikkje lastast for feil gjort i utøvinga av embetet, og han kan heller ikkje stillast til ansvar for personlege brotsverk. Svenskekongen er flink til å gje oss døme som illustrerer nett dette. Fleire gonger har han vorten teken på fersken i utøvinga av ulovlege og livsfarlege aktivitetar, særleg i samband med bilkøyring, men politiet kan ikkje anna gjera enn å dyssa det heile ned.
Oppgåver
- Bruk den siste skulevalsundersøkinga som inneheld spørsmålet ”NORSK KONGEHUS: Kva utsegn skildrar best ditt tilhøve…”. Lag ein frekvenstabell for denne variabelen og noter deg frekvensane.
- Lag ein krysstabell mellom ”Norsk kongehus” (rekkjevariabel) og ”kjønn” (kolonnevariabel). Meiner gutar og jenter det same om kongehuset? Har du ei god forklaring på dette resultatet?
- Du skal no undersøkja korleis haldningane til kongehuset har utvikla seg over tid. Bruk skulevalsundersøkinga og nasjonal meiningsmåling for åra 1991, 2001 og 2005. Finn prosentdelen som er glad for at Noreg har eit kongehus i desse seks undersøkingane. Dersom du har exel tilgjengeleg, kan du laga ein tabell som vist under, og setja inn tala der. Deretter skal du laga eit linjediagram. Dersom du ikkje har exel, må du greia deg med å kommentera tala. Korleis har oppslutninga om det norske kongehuset utvikla seg i perioden? Er elevane og folket samstemt? Kva faktorar kan ha påverka utviklinga?
Prosentdel som er glad for at Noreg har eit kongehus 1991 2001 2005 Elevar Folket
- Opn til dømes datasettet Skulevalundersøkinga 2005. Trykk på plussteiknet framom "Variabelbeskrivelse" (i navigasjonstreet), trykk på plussteiknet framom "Variabler", trykk på fana "Tabulering" (over høgre ramme), klikk på variabelen "NORSK KONGEHUS" (i navigasjonstreet) og vel "legg til rekkje".
- Klikk på variabelen "KJØNN" i variabellista, og vel "legg til kolonne".
- Gjer som i oppgåve 7 for dei andre undersøkingane.