Demokrati på norsk
Dette arbeidsopplegget handsamar tre sentrale spørsmål:
- Kvifor kan me seia at Noreg er eit demokratisk land?
- Kva meiner dagens nordmenn om det politiske systemet?
- Kva stilling har monarkiet som regjeringsform i Noreg?
Innleiingsvis skal me likevel dvela litt ved ei forteljing frå gamledagar.
I fylgje munnleg forteljartradisjon frå tidleg på 1800-talet, fanst der eingong eit staseleg skåp der det sat ein svart kar klar. Han var herre over eit brett med sigarar. På signal skulle han ta steget ut til mennene i rommet utanføre og by fram dei dyrebare rullane. Mennene sette stor pris på det eksotiske innslaget, og kanskje var det den velduftande skodda som fekk detaljane til å tre i bakgrunnen, slik at herrane kunne samla seg om dei grove linene. I løpet av ein dryg månad greidde dei 112 folkevalde representantane på Eidsvoll å bli samde om innhaldet i eit velkjent dokument.
Oppgåver
- Kva dokument blir det sikta til i teksten over?
- Avsnittet startar med å seia at soga om mannen i skåpet er overført munnleg. Veit du om andre forteljingar som har blitt overført munnleg? Kan ein festa lit til slike framstillingar?
- I 1814 vart den norske Grunnlova vedteken av Riksforsamlinga på Eidsvoll.
- Soga om den mørke slaven finst i fleire variantar, men det finst ikkje noko skriftleg dokumentasjon som stadfestar at det faktisk var ein slik slave tilstades under forhandlingane. Informasjon som berre er overført munnleg, bør ein difor vera varsam med å leggja alt for mykje i. Eventyrlyst og forteljarglede gjer det enkelt å få fem fjør til å bli fem høns. Dei norske folkeeventyra og kongesogene til Snorre, er døme på tekstar som er skrivne ned etter fyrst å ha blitt overført munnleg.